Videofilmar med tale, diktlesing, gudsteneste og helsingar

Videoane som ein finn via denne sida er for det meste basert på bidrag frå folk i Masfjorden i samband med videodugnaden som 17. mai-komitéane inviterte til. Responsen på invitasjonen vart overveldande, og vi har eit inntrykk av at folk har hatt det kjekt med å lage til innslaga sine. Dessverre har det ikkje vore mogleg å bruke kvart einaste av dei flotte innslaga vi har fått, men vi er like takksame for dei alle, og vil på denne måten få takke kvar einskild for det som er blitt delt med oss.

Men ein person må takkast særskilt : Magne Sleire. Øvst oppe på sida her ligg ein film som han har sett saman for oss av meir enn 200 innkomne innslag frå folk i Masfjorden, til eit heilskapleg resultat som vi alle kan glede oss over. «Det vart slik det vart, det var ikkje tid til meir» seier Magne om filmen han har laga til. «Vi kjenner ingen som kunne gjort det betre,» er svaret vi kan gi han.

Nedre delen av desse sida er laga som ein slags kommode med mange skuffer. Du ser alle skuffene under denne teksten. ( Kan hende må du bla deg litt nedover på sida for å få auge på dei alle. ) Utanpå kvar skuffe står det kva som er inne i henne. Du opnar skuffa ved å peike og klikke på den vesle haka til høgre på skuffa. Velkomen til å ta ein titt! Vi vonar du vil ha glede av det du finn der.

Vil du sjå innhaldet i full skjermstorleik, peikar og klikkar du på merket til venstre for der det står «vimeo«.

Når du har sett på innhaldet – i nokre av skuffene er det nye skuffer inne i dei også – lukkar du skuffene ved å peike og klikke ein gong til på den same haka.