Skip to content

Program for Nordbygda

07:00 – Salutt


08:00 – Flaggheising ved skulen


11:00 – Bilkortesje frå Duesund via Hosteland, rundt Sleire, Frøyset og til Risnes.
Alle er velkomne til å delta i kortesjen og stille opp bak ledebilen som står i Duesund frå 10:45 (ein snur ved ferjekaien og køyrer til ein møter ledebil/kortesja i retning Hosteland). Kortesjen startar kl 11:00 og vil køyre i sakte fart gjennom oppsett rute. Vi oppmodar folk til å pynte bilen, men det er viktig at køyretøyet er i forskriftsmessig stand og fungerer som i trafikken ellers.
Korpset spelar når kortesja passerer skulen, og det vert lagt opp til ein del andre ting som skjer langs traséen.
Sal av is på Sleire. Vipps til 918 17 236 (Espen Angeltvedt)
Kyrkjeklokkene ringer ved Frøyset kyrkje kl.11:55. Klokka 12:00 syng me nasjonalsongen saman med heile Noreg. Alle går ut av bilane sine.
Vi oppmodar også dei som bur langs løypa og ikkje sjølv deltek i kortesja til å pynte, helse med flagg og gjere sitt til at det vert litt ekstra stas å køyre i kortesjen.
Når kortesjen er i krysset ved Risnes, køyrer deltakarane kvar til sitt.


13:00 – Korpset spelar ved sjukeheimen
Dette er eit innslag for brukarane på
sjukeheimen. Ein ynskjer ikkje ei større
samling av folk ved sjukeheimen
.


Vi oppmodar til å sjå digitale 17. mai-innslag frå kommunen med mellom anna tale for dagen og gudsteneste.

Kanskje kontaktar du og nokon som ikkje har same digitale kompetanse som deg og tilbyr hjelp slik at flest mogeleg får glede av film-materialet på den store dagen?

Me ser fram til ei fin og minnerik 17. maifeiring også i år.

Bidrag på Vipps (918 17 236) vert mottatt med takksemd.

Sol over dagen !