Skip to content

Program for Indrefjorden

Det vert ikkje noko vanleg feiring av 17.mai i bygdene på grunn av smitteverntiltak i samband med Koronapandemien. Komiteane har utifrå dette laga til alternative program for å bidra til litt felles feiring av nasjonaldagen.

Haugsvær:

08.00 Flaggheising ved bedehuset og skulehuset
11.00  Båtparade til Solheim. Dei som ynskjer å delta møter opp med båtar på Haugsvær kai i god tid før eller hektar seg på undervegs. Ruta går langs heile Haugsværfjorden.
11.55  Kyrkjeklokkene på Solheim ringer
12.00 Felles song  «Ja, vi elsker»  i båtane på Solheim.
12.30  Retur til Haugsvær
13.00  Natursti. Informasjon og start ved skulehuset. Innlevering seinast kl 18.00 til Marit Instefjord (postkasse eller messenger)
Deretter går alle kvar til sitt for å markera dagen vidare sjølv.

Me oppmodar alle som ikkje deltek i båtparaden om å sjå den langs fjorden og helse med flagg.

Solheim:

11.00 Dei som ynskjer kan delta i båtparaden frå Haugsvær kai.
11.55  Kyrkjeklokkene på Solheim ringer
12.00 Felles song  «Ja, vi elsker». Frammøte frå strekninga badestranda til kaien.

Resten av dagen vert feira slik ein sjølv planlegg

Matre/Haugsdal:

11.00 Dei som ynskjer kan delta i båtparaden frå Haugsvær kai.
11.55 Me samlast med Bjørn West Museet.
12.00 Felles song «ja, vi elsker»
13.00 Natursti
Matre: Informasjon og start på Våganeset. Innlevering seinast kl 18.00 til Hildegunn Bjånes.
Haugsdal: Natursti går i den vanlege løypa ved grendahuset. Innlevering seinast kl 18 til Ingvar Matre.

Ta med papir og skrivesaker sjølve, evt lever på Messenger.

Resten av dagen vert feira slik ein sjølv planlegg