Skip to content

Om Masfjorden på nettet

 

Det finnest fleire sider som omhandlar Masfjorden, og nokre av desse finn du peikarar til her. Du vil også finne peikarar til dei same sidene i hovudmenyen oppe på sida.

I hovudmenyen  vil du finne ei lita pil attmed peikaren til dei ulike sidene. Den tyder at sida du vil sjå på, vert opna i ei ny fane. Slik kan du sjå at du ikkje lenger er på masfjordingen.no, men på ei anna side. (Eit lite tips: Lukkar du fana med den sida du har opna, kjem du attende hit.)

Masfjorden kommune si offisielle heimeside finn du her.

Den norske kyrkja i Masfjorden har ei eiga heimeside som du kan nå herfrå.

Opplev Masfjorden er ei side som gjev informajon om kva ein kan finne av tilbod og aktivitetar i kommunen.

På sida til Masfjorden gards- og ættesoge finn du informasjon om gardar og bruk i kommunen, ordna etter gards- og bruksnummer. Her finn du også oversyn over folk som har budd på gardane.

Det lokalhistoriske sogeheftet Fjon frå fjell til fjord si heimeside inneheld artiklar frå dei fyrste årgangane av heftet. Desse er ordna tematisk og etter årstal. Det er planen at fleire årgangar vil verte lagt ut etter kvart.

Nasfjonalbiblioteket har publisert 176 fotografi frå Masfjorden, i all hovudsak flyfoto frå 1960- talet. Desse kan sjåast her. Det er høve til å laste dei ned, om ein ynskjer.

Masfjorden båt- og sjøbrukssamling er ei heimeside som dokumenterer lokal båt- og fartøyhistorie. Denne dokumentasjonen er gjort med Arne Høyland som primus motor.

Sommarscena har ei eiga side, ser tilskipingar i regi av Sommarscena vert omtala.

Digital 17.maifeiring omhaldlar korleis 17.mai vart feira i bygdene våre i koronaåra 2020 0g 2021.