Meir informasjon om Masfjorden

Det finnest fleire sider som omhandlar Masfjorden, og nokre av desse finn du peikarar til her:

Opplev Masfjorden er ei side som gjev informajon om kva ein kan finne av tilbod og aktivitetar i kommunen.

På sida til Masfjorden gards- og ættesoge finn du informasjon om gardar og bruk i kommunen, ordna etter gards- og bruksnummer. Her finn du også oversyn over folk som har budd på gardane.

Det lokalhistoriske sogeheftet Fjon frå fjell til fjord si heimeside inneheld artiklar frå dei fyrste årgangane av heftet. Desse er ordna tematisk og etter årstal. Det er planen at fleire årgangar vil verte lagt ut etter kvart.

Nasfjonalbiblioteket har publisert 176 fotografi frå Masfjorden, i all hovudsak flyfoto frå 1960- talet. Desse kan sjåast her. Det er høve til å laste dei ned, om ein ynskjer.