Skip to content

17. mai-program for Indrefjorden

    Det vert ikkje noko vanleg feiring av 17. mai i bygdene på grunn av smitteverntiltak i samband med Korona-pandemien. Komiteane har utifrå dette laga til alternative program for å bidra til litt felles feiring av nasjonaldagen.

    Haugsvær:

    08:00 Flaggheising ved bedehuset og skulehuset

    11:30  Båtparade til Solheim.
    Dei som ynskjer å delta møter opp med båtar ved Haugsvær kai eller hektar seg på undervegs. Ruta går langs heile Haugsværfjorden.
    Me oppmodar alle som ikkje deltek i båtparaden om å sjå den langs fjorden og helse med flagg.

    12:55  Kyrkjeklokkene på Solheim ringer

    13:00 Felles song «Ja, vi elsker»  i båtane på Solheim.

    13:30  Retur til Haugsvær

    14:00 Natursti.
    Informasjon og start ved skulehuset. Seinast innlevering kl 18:00.

    Solheim:

    Kl. 11:00 Dei som ynskjer kan delta i båtparaden frå Haugsvær kai.

    12.55  Kyrkjeklokkene på Solheim ringer

    13:00 Felles song «Ja, vi elsker» . Frammøte på kaiområdet.

    Matre/Haugsdal:

    11.30 Dei som ynskjer kan delta i båtparaden frå Haugsvær kai.

    12.55 Me samlast ved Bjørn West Museet.

    13.00 Felles song «Ja, vi elsker»

    14.00 Natursti.
    Informasjon og start på Våganeset. Seinast innlevering kl. 18.00.

    Oppdatert informasjon og mange innslag frå alle delar av kommunen kan du finne på masfjordingen.no