Skip to content

17. mai-program for Nordbygda

    Grunna situasjonen med koronaepidemien og restriksjonar rundt offentlege arrangement, vil det ikkje verte skipa til 17. mai-feiring på Nordbygda skule slik det plar vere. Vi oppmodar til å sjå digitale 17. mai-innslag frå kommunen med mellom anna tale for dagen og gudsteneste.

    17. mai-komiteen i Nordbygda har laga eit alternativt program for å samle innbyggjarane og bidra til ei minnerik feiring av nasjonaldagen.   

    07:00  – Salutt 

    08:00 – Flaggheising ved skulen 

    11:00 – Korpset spelar ved sjukeheimen 

    Dette er eit innslag for brukarane på sjukeheimen.
    Ein ynskjer ikkje ei større samling av folk ved sjukeheimen. 

    12:00 – Bilkortesje frå Duesund via Hosteland, rundt Sleire, Frøyset og til Risnes.

    • Alle er velkomne til å delta i kortesjen og stille opp bak ledebilen som står i Duesund frå 11:45 (ein snur ved ferjekaien og køyrer til ein treff ledebil/kortesja i retning Hosteland).  
    • Kortesjen startar kl 12:00 og vil køyre i sakte fart gjennom oppsett rute. Vi oppmodar folk til å pynte bilen, men det er viktig at køyretøyet er i forskriftsmessig stand og fungerer som i trafikken ellers. 
    • Korpset spelar når kortesja passerer skulen, og det vert lagt opp til ein del andre ting som skjer langs traséen.
       
    • Vi oppmodar også dei som bur langs løypa og ikkje sjølv deltek i kortesja til å pynte, helse med flagg og gjere sitt til at det vert litt ekstra stas å køyre i kortesjen. 
    • Når kortesjen er i krysset ved Risnes, køyrer deltakarane kvar til sitt. 

    Me ser fram til ei minnerik annleis 17. maifeiring.

    Med helsing Festkomitèen