17. mai 2020 vert historisk. Det er 76 år sidan forrige gong vi måtte rette oss etter andre i vår feiring av nasjonaldagen. Det gjev i seg sjølv grunn til ettertanke.
Men feiring vert det. Folk har nytta tida før den store dagen til å finne nye måtar å høgtide dagen på. Eitt tiltak har vore den digitale møteplassen vår, masfjordingen.no. Her har mange bidrege med ulike innslag, mellom anna ved å dele bilete og videosnuttar som vert nytta i Masfjorden kommune sin eigen 17. mai-video. Det kom faktisk inn langt meir stoff enn det var høve til å bruke. Engasjementet har vore heilhjarta. Folk har vore kreative, og det ser ut til at alle har hatt stor glede av å bidra.
Ja, 17. mai-feiring vert det i år også. Det er sikkert. Det er også sikkert at feiringa dette året vil verte annleis enn det vi har hatt tradisjonar for i andre år. Og dette bør vi dokumentere.
Difor vil 17. mai-komitéane oppmode alle om å ta bilete av eiga 17. mai-feiring, samt det dei måtte få med seg av felles tilstelningar rundt om i bygdene våre.
Og så vil vi be om at det vert sendt inn nokre bilete til denne adressa: bilete@masfjorden.kommune.no.
Det er fint om du kunne leggje ved kvar bileta er tekne, evt. kven som er med på bileta, og kven som har teke dei.
Merk :
Kommunen må leggje til grunn at du som sender biletet, gjev kommunen løyve til å bruke det, og at eventuelle personar på biletet har godteke at biletet kan brukast offentleg.
Går det som vi vonar, vil vi om ei tid kunne leggje ut eit lite album med bilete som syner korleis vi feira 17. mai i Masfjorden det året då vi ikkje kunne høgtide dagen på tradisjonelt vis.
Helsing
17. mai-komitéane
i Masfjorden