Gratulerer med dagen!

17. maifeiringa i år kan ikkje bli slik vi er vane med. Koronaepidemien med sine restriksjonar på kor mange som kan samlast på ein stad gjer at ein har måtte tenkja annleis kring feiringa.

17. maikomitéane i samarbeid med kommunen og kyrkja har difor saman sett på korleis ein kan skapa ei minnerik, trygg og flott markering for innbyggjarane i kommunen vår.

Dette samarbeidet  har resultert i fleire tiltak, mellom anna nettsida du no er på, «17. mai i Masfjorden». Målet med denne sida er å samla all informasjon om 17. mai i kommunen vår på ein stad og gje digitale tilbod når ein ikkje kan samlast slik som vanleg.

Denne veka er det hektisk aktivitet  rundt om i kommunen for å klargjera sida. Det vert gjort innspeling av felles 17. maitale for heile kommunen, kyrkjene samarbeider om å laga felles digital gudsteneste og i samband med dette  vert det også filma minnemarkeringar og kransnedleggingar. Komiteane i kvar krins arbeider med å få på plass 17. maiprogrammet.

Og ikkje minst: 17.mai komitéane inviterer til videodugnad.


Dei ønskjer å laga ein videofilm som høver til dagen, og inviterer alle til å koma med bidrag til filmen. Filmskapar Magne Sleire har teke oppdraget med å redigera det innkomne materialet. Men du har kort tid på deg. Frist for innsending er 10. mai.
Du kan lesa meir om dette spanande prosjektet her.

Alt dette og meire til vil vera tilgjengeleg på denne sida til 17.mai. Då kan du sitja og sjå resultata  heimefrå på pc, nettbrett, telefon eller storskjerm. Kanskje kontaktar du og nokon som ikkje har same digitale kompetanse som deg og tilbyr hjelp slik at flest mogeleg får glede av materialet på den store dagen?

Og så er du sjølvsagt hjarteleg velkommen til å delta på det som 17. maikomitéane legg opp til på sjølve dagen, men hugs smittevernreglane!

Helsing
Masfjorden kommune
Frank Kvinge, fagleiar kultur