
Sjølv om kyrkjene våre i år vil vere stengde, vert det likevel høve til å ta del i ei gudsteneste frå Masfjorden. I løpet av dei siste dagane er det gjort opptak i alle tre kyrkjene, og opptaka er sett saman til ei gudsteneste, som vil verte lagt ut på nettstaden her på 17. mai.
Arbeidet med å førebu denne gudstenesta har involvert mange, både som deltakarar i gudstenesta, som fotografar og regissør. Og det er all grunn til å takke kvar einskild av desse, som alle har gjort ein fin innsats for å få dette til.
Tusen takk skal de ha, alle saman!
For Masfjorden sokneråd
Rune Garmann
~leiar ~