Skip to content

17. mai-program for Sørsida

    Grunna situasjonen med koronaepidemien og restriksjonar rundt offentlege arrangement vil det ikkje bli skipa til tradisjonell 17. mai-feiring på Sørsida i år. 

    Program for dagen:

    07:00   Salutt 

    08:00   Flaggheising ved Sandnes skule og kommunehuset

    09:30-10:15    Sandnes skulemusikk spelar på Kvingo

    Marsjrute Sørkvingeelva- butikken- Sørkvingeelva.
    Mini-konsert ved butikken.
    Festlege tippekonkurransar for store og små ved butikken.

    11:00-1145   Sandnes skulemusikk spelar på Andvik

    Marsjrute Andvikeelva- butikken- Andvikeelva.
    Mini-konsert ved butikken.
    Festlege tippekonkurransar for store og små ved butikken.

    12:30-13:10  Sandnes skulemusikk spelar på Sandnes  

    Marsjrute Sandnes skule- ferjekai/kyrkje.
    Festlege tippekonkurransar for store og små på kaien.

    12:55   Klokkeringing frå Sandnes kyrkje

    13:00 Heile Noreg syng «Ja, vi elsker».

    Skulemusikken spelar til frå kaien.

    14:00   17. maifilmen, 17. maitalen mm. vert vist på storskjerm v/ Snikkarbua, Kvingo.

    https://facebook.com/events/s/17mai/2569431833272298

    18:00 «Grunnlovskveld i godt lag» på Sandneskafeen

    https://m.facebook.com/events/575902136662837

    Påmelding 97702476

    Alle er velkomne til å delta og skapa god 17. maistemning;
    langs marsjrutene, frå terassen, ved butikkane, ved kyrkja eller frå fjorden.
    Uansett, det er viktig at smittevernreglane vert fulgt.

    Vi oppmodar til å sjå digitale 17. mai-innslag frå kommunen med mellom anna tale for dagen, gudsteneste og helsingar. Og så ser me verkeleg fram til å sjå 17. mai-filmen som har blitt til no i mai!

    Alt dette finn du her: https://www.masfjordingen.no

    Kanskje kontaktar du og nokon som ikkje har same digitale kompetanse som deg og tilbyr hjelp slik at flest mogeleg får glede av film-materialet på den store dagen?

    Sol over dagen!

    Helsing 17.maikomiteen på Sørsida