17. mai-komitéane innbyd til videodugnad

Koronaepidemien med sine restriksjonar på kor mange som kan samlast ein stad gjer at 17. mai-feiringa i år ikkje kan verte slik vi er vane med. For å markere 17. mai 2020 i Masfjorden ynskjer 17. mai-komitéane i Masfjorden å lage ein videofilm som høver til dagen, og som folk på 17. mai kan sitje og sjå på heimefrå på eigen pc, nettbrett eller telefon.

Med dette inviterer vi alle som har lyst, til å kome med bidrag til ein slik film.

Det er planen at filmen skal ha ulike kulturelle innslag knytt til dagen og feiringa av denne, men vi har også lyst til at filmen skal syne bygdene og grendene våre i vårdrakt, og utfordringa går til alle som kan tenkje seg å bidra med videoinnslag som høver med dette.

Men fyrst litt jus :

  • Den ferdige filmen vil verte eigd av Masfjorden kommune. Han skal gjerast tilgjengeleg for alle via internett.
  • Vi reknar at innslag som kjem inn, vederlagsfritt kan nyttast i filmen. Det er ikkje aktuelt å nytte bidraga i annan samanheng, utan at det vert gjort særskilt avtale med opphavsmann om dette.
  • Vi legg til grunn at personar som måtte vere med i innslaga, er kjende med føremålet, og har samtykka i å vere med.

Så  litt praktisk informasjon :

  • Ein kan nytte ulikt utstyr for å ta opp film, frå mobiltelefon til kamera. Om ein er i tvil om kvaliteten på filmen er god nok, så hugs at ein dårleg video er betre enn ingen video.
  • Det er viktig at videoen vert teke opp i breiddeformat. Brukar du telefonen din, så hugs å halde han vassrett!

Men kva i alle dagar skal eg filme?

Her er det berre fantasien som set grenser. Eit godt utgangspunkt kan vere dette: Kva ville du sjølv likt å sjå på ein 17. mai-film frå Masfjorden?

  • Ville du sett grenda di og landskapet kring? Film det.
  • Ville du sett flagget vaie over hustaka dine? Heis flagget og film det.
  • Ville du sett einkvan heise flagget? Ta på deg finstasen, hent flagget og få einkvan til å filme medan du heisar det. (Eller byt om på dei rollene, om det går betre.)
  • Ville du sett friske blomar på eit gravminne? Pynt grava, og film gravminnet.
  • Ville du sett bakkar med nikkande kvitveis?  Finn deg ein bakke, og film han.
  • Ville du sett leikande lam som spring i vårsola? Gå til ein stad der det er lam, og film dei.
  • Har du fine blomar i hagen? Film dei.
  • Andre videosnuttar med naturinntrykk frå Masfjorden er også velkomne.

Og kva gjer eg så med opptaka eg har teke?

Vi har vore så heldige at vi har fått filmskapar Magne Sleire til å ferdigstille filmen. Han gjer dette vederlagsfritt – det er hans 17. mai-dugnad, seier han.

For at Magne skal kunne få laga denne filmen ferdig i tide,
må alle bidrag vere komne inn seinast i løpet av 10. mai.

Er filene ikkje større enn 25 mb, kan dei sendast som vedlegg i ein e-post til Magne Sleire. E-postadressa hans er sleiremagne@gmail.com .
Det er fint om du også sender kopi til Rune Garmann. E-postadressa hans er rune.garmann@gmail.com .

Det er fint om du i e-posten skriv kort kvar filmen er teken.

Men dersom videofila er for stor, kva gjer eg då?

Dersom videosnutten er sopass stor at 25 mb ikkje er tilstrekkeleg, kan du nytte ei gratis filoverføringsteneste, som til dømes WeTransfer. Den verkar slik :

  • Du lastar fila opp i skya, til ein servar som tek vare på henne i sju dagar.
  • Samstundes får Magne ei melding om at det er ei fil som ventar han, saman med ei lenkje som gjer at han kan få lasta henne ned.
  • Du vil få melding om at Magne har lasta ned fila.

Då er det berre å vente på gode innspel frå dykk alle, og å glede seg til det ferdige resultatet frå Magne Sleire si hand.

Helsing
Leiarane i 17.mai-komitéane i Masfjorden