17. mai i Masfjorden

Då er 17. mai 2020 historie. Markeringa av dagen vart annleis enn det som har vore vanleg, men det ser ut til at det har vore ei fin feiring for folk flest. Det skal vi setje pris på.
Videoane som vart laga i samband med denne dagen, vil framleis vere å finne på masfjordingen.no. Og går det som vi vonar, vil dei verte supplerte med fotografi frå feiringa av dagen. Men det er altså opp til dykk.